torsdag 3. desember 2009

Jordmor

Dette er ei bok som vart utgitt i samband med 100-årsjubileet til Den norske jordmorforening i 2008. Boka er skrive av Tove Nilsen og Edvard Hoem og er ein varm hyllest til jordmødrene. Hoem tek for seg historia til tippoldemora si som gjekk til Christiania for å bli jordmor i 1822 og som kom tilbake til Romsdalen og verka som jordmor der i 50 år! Absolutt ei fascinerande historie vel verd å lesa, men her konsentrerer eg meg om den andre halvdelen av "Jordmor":

Tove Nilsen tek utgangspunkt i si personlege fødehistorie, men gjev seg og ut på ei reise for å skildre den norske jordmora som drog ut i all slags ver, med alle slag transportmidlar og det var ikkje noko som heitte å ikkje orke! Ho besøker barselavdelingar for å snakke med fødande og barselkvinner og har også mange varme portrett av fedrene som har gått frå å vera utstøytte frå fødesituasjonen til å vera dei beste hjelparane og medspelarane. Vi får høyre om kampen for at jordmødrene skulle få tilgang til legane sine reiskap, t.d fødselstanga; det var faktisk lovfesta heilt til byrjinga på 1900-talet at berre legar skulle ha lov til å bruke tang under fødselen. Mange liv gjekk dermed tapt sidan 1600-talet da Peter Chamberlen-hoffkirurg for det engelske kongehuset- fann opp denne reiskapen.
Vi får høyre om dr. Semmelweiss som fann ut at det var lurt å vaske hendene for å unngå sjukehusinfeksjonar, vi les om mange fødselshjelparar vart brende som hekser, vi blir kjende med australske skikkar, tyrkisk mat, somaliske livsrituale..
Nilsen ausar av eit vell av historiar, ho har ei eiga evne til å skildre intense augeblikk på ein poetisk måte, det er rørande, engasjerande og også til tider veldig morosamt!
Dette er ei bok som hyllar det store og det lille livet og formidlar stor livsglede:
" Bakhodet hennes hvilte varmt i hånden min, og blikket hennes fikk meg til å svimle ved tanke på alt som ventet henne : Blomsterenger, sommefugler, kattunger, snømenn, skøyteis, juletrær, fugler under drivende skyer, skip som seilte på havet, mennesker som snakket andre språk".

Eg anbefaler også Tove Nilsen si bok Lystreise der ho skriv om å gå svanger med både bok og barn!

Boka i biblioteket

Anbefalt av Kari Folvik

Ingen kommentarer: