mandag 26. september 2011

Vann

Det er ikkje så ofte eg ser indisk film, men filmen "Vann" har eg sett to gonger. Filmen skildrar livet i eit kollektiv, ein ashram, der dei som vart enker vart plassert. Hovudpersonen er Chuyia. Ho er åtte år når ho blir enke og må forlate familien for å leve i ashramen resten av livet. Her blir ho etterkvart kjent med alle enkene i forskjellig alder, og må innordne seg livet med tigging for å skaffe innkomst til å overleve. Den vakraste av enkene, Kalyani, blir tvinga til å prostituere seg for å skaffe ashramen inntekt.

Handlinga foregår på 30-talet, i perioden før Gandhi kom til makta. Det som kjem fram om barnebruder og forholda for enkene er rystande. For vesle Chuyia øynar vi likvel håp mot slutten av filmen.

Trass i innhaldet er filmen også poetisk og vakker. Vatnet er eit gjennomgangsmotiv, enten det er den rolege elva, som fyller mange funksjonar, eller regnet som får Chuyia og Kalyani til frydefullt å gløyme seg bort for ei stund .

Filmen har mottatt fleire prisar, og vart i 2007 nominert til Oscar for beste utanlandske film.

Filmen i biblioteket.

Anbefalt av Liv V.

Ingen kommentarer: