onsdag 23. mars 2011

Stemmer i natten

Fire bøker av britisk-kinesiske Xue Xinran har kome ut på norsk. Eg har lese alle, men det er ”Stemmer i natten” som har vorte sittande igjen i minnet.
Xinran var ein av dei første kvinnelege radioprogramleiarane i Kina. Frå slutten av 80-talet og i ein tiårsperiode hadde ho sitt eige kveldsprogram ”Stemmer i natten” der ho tok opp ulike sider av dagleglivet, noko som da var nytt i kinesisk radio. Ho fekk god kontakt med lyttarane og mange, særleg kvinner skreiv brev til henne anonymt og fortalte sine, ofte rystande, historier. Ho seier sjøl at ho trudde at ho forstod kvinnene i Kina, men at breva og samtalane viste henne at dei levde liv og kjempa med problem ho aldri hadde drøymt om.
Da Xinran seinare flyttar til England vil ho gjerne formidle i Vesten korleis livet er for kvinnene i Kina, og resultatet vart bl.a. denne boka.

Grunnen til at eg kom på "Stemmer i natten" akkurat no er at eitt av kapitla heiter ”Mødrene fra jordskjelvet”. Her skildrar Xinran sitt møte med mødre som mista barna sine under det enorme jordskjelvet i Tangshan. Historiene deira er hjarteskjerande, og levandegjer korleis enkeltmenneske kan ha det når det skjer ein stor katastrofe.
Dei andre historiene i boka handlar heller ikkje om livet på solsiden, men viser tvert imot at det er eit langt stykke igjen før kvinnene i Kina har gode kår og er likestilte med menn.

Boka i biblioteket

Anbefalt av Liv V.

Ingen kommentarer: