tirsdag 25. januar 2011

Grave of the fireflies

Det er årevis sidan eg har sett ein tegnefilm, men kom tilfeldigvis og heldigvis over Grave of the fireflies på TV for ei tid tilbake og fekk ei sjeldan fin filmoppleving.

Handlinga i Grave of the fireflies foregår i Japan på slutten av andre verdenskrig. Søskena Seita og Setsuku misser mor si under bombinga av Kobe, og faren er i krigsteneste. Dei oppsøker ei tante, men ho vil ikkje ha fleire munnar å mette, og dei to barna må klare seg på eiga hand. Seita gjer alt han kan for at veslesøstra skal ha det bra, og han prøver å gi henne gode opplevingar oppi det vonde og vanskelege. Han tek i bruk alle middel for å få tak i mat, men greier likevel ikkje å redde vesle Setsuku. Ho døyr til slutt av underernæring. Den triste utgangen får vi vite alt i starten av filmen av forteljaren, som er storbroren som vaksen.

Historia om dei to barna som prøver å overleve er trist og gripande - og nydeleg fortalt i tegnefilmformat. Eg vart overraska over kor levande dei tegna personane verka, særleg er den 4-5 årige Setsuku realistisk i uttrykk og veremåte. Japanesarane kan tegnefilm og denne filmen er eit lite meisterverk i sjangeren.

Grave of the fireflies er ein film til ettertanke om kva krig gjer med barn. Filmen, som er basert på ein sjølbiografisk roman med same tittel, har vorte karakterisert som ein av dei sterkaste antikrigsfilmane som er laga.

Anbefalt av Liv V.

Filmen i biblioteket.

Ingen kommentarer: