fredag 12. november 2010

Ei forteljing frå Trondheim

Boka Fange 59. Taterpige av er ein historisk roman med handling frå Trondheim. 17-årige Maria, ei taterjente kjem til byen saman med familien sin for å selje varer på torget, ein haustdag i 1749. Dette var ulovleg for taterane på den tida, så dei må rømme når vektarane kjem. Berre Maria blir tatt og sperra inne på tukthuset. Vi følgjer hennar der, og seinare når ho blir tenestejente hos prosten.

Historia om Maria er oppdikta, men forfattaren Aina Basso, som også er historikar, har tatt utgangspunkt i stoff ho har funne på Statsarkivet i Trondheim, og dikta vidare på det. Formidlinga av det historiske synest eg ho har gjort på ein fin måte. Det var interessant å få eit innblikk i 1700-talets Trondheim og tankevekkande å sjå korleis ein minoritet vart behandla.

Forfattaren brukar ikkje store verkemiddel i romanen. Språket er enkelt og vakkert, og trass i at det skjer dramatiske ting, så opplever eg historia om Maria som stillferdig fortalt. Ho kjenner seg einsam og lengtar etter familien sin, guten ho var forelska i og det livet ho levde før, men ho prøver så godt ho kan å tilpasse seg dei nye forholda. Spenningsmomenta i boka ligg ikkje alltid opp i dagen. Men, spenning er det: Korleis vil det gå med Maria? Har prosten baktankar? Kven er eigentleg nattmannen?

Romanen er ein vaksenroman som også kan passe for litt lesevante ungdommar. Aino Basso har tidlegare gitt ut ungdomsromanen Ingen må vite. Ho skriv nynorsk, både i bøkene og på bloggen.

Anbefales!

Boka i biblioteket

Anbefalt av Liv V.

Ingen kommentarer: