tirsdag 20. oktober 2009

Litterær salong

Kom nettopp over ei artig lita bok med litterære essays av forfattaren Brit Bildøen. Bildøen har sett seg lei på at når det kjem til opplisting av yndlingsbøker og litterære kanonar, så listar dei aller fleste opp mannlege forfattarar. Ho inviterer derfor til litterær salong med ti kvinnelege forfattarar som ho har brukt mykje tid saman med.

I salongen får vi møte så ulike forfattarar som Gertrude Stein, Carol Shields og Haldis Moren Vesaas, for å nemne nokre. Ho presenterer også ein del forfattarar som ikkje er så kjent i Norge, og i dei fleste kapitla finn ein også henvisning til beslekta forfattarar.

Dei ho inviterer har fått tildelt kvar sin litterære dyd som fungerer som innfallsport til forfattarskapet. Dei litterære dydane dekker eit vidt spekter, frå Tydeleggjering og Forsvinning, til Råskap og Skamløyse. Eit kapitel kan heite Tydeleggjering – Det gode, det glade og det lette – Carol Shields. Eit anna Skamløyse – Kvifor er alle så sinte på Elfriede Jelinek? På denne måten får forfattaren fram spennande vinklingar på den enkelte forfattaren. Visste du feks at Jane Eyre har ein "tvillingroman", nemleg Vide Sargasso? Dette kan du lese om under dyden Dobling - Gjenferdet i spegelen - Jean Rhys og Charlotte Brönte.

Presentasjonane er personlege og engasjerte. Det var rett og slett artig og inspirerande og også lærerikt å lese Litterær salong. Leselista mi vart sporenstreks utvida med fleire forfattar som eg ikkje har vore borti tidlegare.

Har Brit Bildøen rett i at det stort sett er mannlege forfattarar som blir trekt fram i boktips og litterære kanonar? Det kan du for eksempel sjekke i desse bøkene:

1001 bøker du må lese før du dør. (Redaktør: Peter Boxall)

Norsk litterær kanon (Red. Stig Sæterbakken og Janike Kampevold Larsen)

Den norske litterære kanon 1900-1960. (Red. Erik Bjerck Hagen og Petter Aaslestad)

Vestens litterære kanon, mesterverk i litteraturhistorien. (Harold Bloom)

Wandrups valg : 333 boktips. (Fredrik Wandrup)


Anbefalt av Liv V.

2 kommentarer:

Knirk sa...

Jeg kjøpte denne i sommer, men har ikke lest den enda. Takk for fin bloggpost.

Kari Folvik sa...

Ja, denne boka kan verkeleg anbefalast! Eg sat igjen med berre eit ønske: Meir, meir av same slaget, Brit Bildøen!