Det var natt, og hunder løp mellom trærne, de var sluppet løs nå og de ulte. De kom styrtende frem fra skogbrynet, og skyggene deres svømte over det månelyse jordet.
Slik startar boka, og handlinga grip tak i deg frå dei første setningane som introduserer halsande hundar og jaktande menn. Den som blir jakta på er ”piken”, etter kvart nemnt ”enken”. Scenariet foregår i Canadas villmark, og enka si historie blir gradvis avdekka medan vi følgjer hennar flukt gjennom det barske landskapet. To menn som ønskjer hemn forfølgjer henne, for den 19-årige enka har tatt livet av mannen sin, og dei to er brørne hans. Meir av handlinga skal ikkje røpast her....
Enken er fengslande og godt skrive, og absolutt ei bok å ta med seg i feriebagasjen.
Boka i biblioteket
Anbefalt av Liv V.
Boka i biblioteket
Anbefalt av Liv V.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar