onsdag 20. oktober 2010

Mennneske, maktene, litteraturen ….

Eit fiskarsamfunn for hundre år sidan er utgangspunkt for den islandske romanen Himmelrike og helvete av Jón Kalmar Stefánsson. Hovudpersonen i boka, ”gutten”, får vi aldri vite namnet på. Han står på terskelen til vaksenlivet, er foreldrelaus og ror fiske for første gong. Han knyter seg til ein av fiskarane i seksmannslaget, den unge, trygge Bardur, som har draumar om eit anna liv. Bardur blir ein venn og introduserer gutten for litteraturen. Og nettopp litteratur spelar ei viktig rolle i boka. For det er interessen for det fine som kan uttrykkast i ei bok, som viser seg å bli Bardur sin bane.

Sentralt i første del av boka er skildringa av ”utroren”; mennene som purrar ut midt i mørke natta, for å greie å ro ut til fiskefelta før morgonen gryr, og vidare dramatikken når det verkeleg bles opp. Dette synest eg er fantastisk godt skrive. Forfattaren manar fram så klare bilde av naturen og og dei små menneska i den; fjella og havet, den vesle åpne båten med djupn på djupn under seg, mørkret og iskulden.

I andre del av boka følgjer vi gutten som vil levere tilbake boka som Bardur har lånt. Eigaren er Kolbeinn, ein blind mann, som har 400 bøker i stua si! Han bur på ”Plassen,” ein liten tettstad, dit gutten må ta seg fram til fots over fjellet. Boksamlaren har si særeigne historie, det har også dei andre personane gutten møter når han skal finne sin veg vidare. Korleis skal han finne ut av kjærleiken og sorga, livet og døden?
Med, andre ord, dette handlar om tidlause eksistensielle spørsmål, og eg trekte nok nokre parallellar til Olav Duun medan eg las denne boka.

Ei mektig bok, ei vakker bok – det beste eg har lese på lenge!

Forfattaren har vore nominert to gonger til Nordisk råds litteraturpris, og eg ser ikkje bort i frå at han blir det igjen.

Anbefalt av Liv V.

Boka i biblioteket

Ingen kommentarer: